Stryn formannskap:

Godkjende ladestasjon ved Yx

Eit delt formannskap gav dispensasjon til å byggje ladestasjon ved Yx-stasjonen. To trær går med i nye, oppdaterte planar

Vedtatt slik: Nye skisser av ladestasjonen for elbilar vart presentert for Stryn formannskap torsdag. Dei nye planane sparar meir av grøntarealet enn tidlegare. 60 m² av grøntarealet blir råka, medan 360 m² blir spart. Dette gjorde utslag for fleirtalet i formannskapet. Her er ladestasjonen sett frå sør  Foto: Skisse: Aaland Arkitektkontor AS

Nyhende

– Vi har strekt oss langt med dette forslaget, sa landskaps- og arealplanleggar Thea Nesdal i IVest Consult til Stryn formannskap torsdag. Saman med tiltakshavar og leiar for Yx-stasjonen, Peter Piel presenterte ho nye skisser for ladestasjonen som tidlegare har fått avslag. Det har vore synfaring av det aktuelle området og no var det klaga som vart handsama.