Uvisse kring brannstasjonen i Stryn:

Hastar med plan for å unngå bøter

Dei spenstige planane for Visnes Industripark kan få konsekvensar for lokalisering av brannstasjonen i Stryn. I februar byrjar dagbøter på 10.000 kr å tikke inn dersom ei løysing ikkje er i kjømda.

Andre planar: Brannsjef i Stryn kommune, John Jatgeir Vinsrygg, trudde ein hadde ordna tomt til brannstasjon då kommunen kjøpte Visnes Industripark i vinter. No har det dukka opp andre planar der bygningsmassen står. Her frå orientering i formannskapet ved eit tidlegare høve. 

Nyhende

I februar vedtok Stryn kommunestyre å kjøpe dei resterande aksjane i Visnes Industripark (VIP). I saksutgreiinga heitte det at «Stryn kommune planlegg å nytte deler av bygningsmassen til ny brannstasjon, i tillegg til å flytte ut noverande funksjonar lokalisert på «Petterneset».