Isak med topp-ti-plassering i NM

Ny topplassering: Isak Bergset sprang inn til 10. plass i NM. Det gjorde han også i 2019 då dette bildet vart teke.  Foto: Privat

Nyhende

Isak Bergset frå Fjelli sprang inn til ein særs sterk 10. plass då NM langdistanse i orientering vart arrangert torsdag. Bergset, som spring for Frol IL, trur den lange løpstida favoriserte han.

- Formen var bra, men det vart litt mykje bom til å nå heilt opp. Men eg er fornøgd med 10.plassen. Det var ein fordel for meg at det blei lang løpetid, to timar, så eg tok ein del plassar siste halvtimen.

Bergset var omlag tjue minutt bak vinnaren Magne Dæhli frå Halden.

I dag ventar kvalifisering mellomdistanse, og forhåpentlegvis finale på laurdag.