To nye smitta i Volda

Nyhende

Fredag ettermiddag fekk Volda kommune stadfesta to nye smittetilfeller med covid-19.

- Begge har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfeller. Desse utløyser få nye nærkontakter. Nokre elevar ved Volda VGS har fått beskjed om å ta ein ekstra test i starten av neste veke, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Elevar som går på skular der det har vore fleire smittetilfeller bør halde seg heime og bestille test dersom dei får symptom. Dette er viktig sjølv om ein ikkje er nærkontakt med eit kjent smittetilfelle, eller dersom ein har vore i eit testregime og vert sjuk etter siste test, oppmodar kommunen.