Brannstasjon i Stryn:

Vurderer å bli verande på Petterneset minst fem år til

Kommunedirektør, Jon B. Nesje, seier dei vurderer fleire alternativ for lokasjon for brannstasjonen. Blant anna å gjere naudsynte grep i eksisterande bygg på Petterneset, slik at dei kan vere nokre år til.

Ser at det hastar: Kommunedirektør Jon B. Nesje ser at det hastar med ei avklaring for brannstasjonen. 1. februar byrjar dagbøtene å kome dersom ein plan manglar. 

Nyhende

– Vi har fått politisk bestilling på å vurdere om det er mogeleg, og kva det kostar, å utbetre eksisterande lokasjon slik at vi kan tilfredsstille krav frå Arbeidstilsynet og halde til der i minimum fem år til, seier han.