Får utsett frist til ferdigstilling av ny brannstasjon

Arbeidstilsynet har forlenga fristen til å bli ferdig med den nye brannstasjonen i Hornindal.

Ny brannstasjon: Brannstasjonen i Hornindal reiser seg. Volda kommune har no fått to månaders forlenga frist til å ta stasjonen i bruk. Ny frist er sett til 1. februar 2022.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Opprinneleg pålegg frå Arbeidstilsynet gjekk ut på at brannstasjonen skulle vere klar og takast i bruk innan 1. desember i år. På grunn av koronapandemien har byggjeprosjektet drege noko ut i tid. Difor har Volda kommune søkt om utsett frist. Det har Arbeidstilsynet innvilga. Ny frist for å ta nybygget i bruk er sett til 1. februar 2020.