Kjøllesdal om RTP:

Svært kritisk til fokus på trafikktal vs skredsikringsmidlar

Per Kjøllesdal (Sp) adresserte si bekymring for RTP til formannskapet og bad alle ta opp kriterium for skredsikringsmidlar med sine respektive parti.

Kritisk Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) er kritisk til at trafikkmengd skal avgjere kor skredsikringsmidlane tek vegen. Kommunen sin RTP-uttale blir klar til kommunestyret  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Vestland fylkeskommune har bedt kommunane om innspel til Regional Transportplan (RTP) som er på høyring til 21. september. Fylkeskommunen ynskjer tilbakemelding på om planen tek inn over seg dei store utfordringane i fylket.

– Er målsettingane riktige med tanke på dei utfordringane vi har i fylket? Er det god samanheng mellom mål og strategiar? Er dei riktige kriteria for prioritering lagt til grunn? Kva kriterium bør eventuelt endrast? Er det andre utviklingstiltak som bør inn i handlingsprogrammet til RTP? spør fylkeskommunen.

Kritisk til vekting av trafikktal

Stryn kommune si uttale i saka var på bordet under formannskapsmøtet torsdag. Der gjentok ordførar Per Kjøllesdal det han uttalte under RTP-møtet i Jølster i august.


Høyringsmøte om Regional transportplan:

Retta skarp kritikk mot ny rassikringsmodell

Fleire tok til orde for å skrote fylket sin rassikringsmodell.


Han er sterkt kritisk og bekymra for at fylkeskommunen legg opp til å vekte ÅDT (årsdøgntrafikk) i altfor stor grad når det gjeld fordeling av skredsikringsidlar.

– Det vil føre til at ein flyttar skredsikringsmidlar frå rasutsette område til folkerike område. Vi er på ingen måte ikkje tent med dette, sa han.

Han viste til at denne måten å vekte på fører til at strekninga Tyvaneset – Lovik no står på rassikringslista med 4 millionar kroner.

– Vegen treng utbetringar, men rasutsett er den ikkje. Årsaka er ganske enkelt høgare trafikk enn Lodalen og Oldedalen, poengterte han.

– Mange er tent med ein slik modell

Kjøllesdal oppmoda formannskapet om å jobbe opp mot sine respektive partileiingar for at Statens vegvesen sin nasjonale rassikringsmodell må bli gjeldande, og ikkje det fylkeskommunen sin eigen administrasjon har foreslått.

Ingen i Stryn formannskap tok til orde for noko anna, men Kjøllesdal understreka at det er mange som er tent med at vektinga er slik den er foreslått.

– Byane vil alltid vinne når det gjeld ÅDT, fastslo han.

Fram mot det endelege høyringsutkastet som Stryn kommune skal godkjenne, vart formannskapet samde om å vurdere punkt og formuleringar knytt til høyringsuttalen. Fristen er 21. september.