Mathilde fekk studiekompetanse via Vg4 på nett:

– Eit kjempefint tilbod

Då Mathilde Nesje Gjørven (27) måtte slutte som frisør på grunn av allergi, var spørsmålet: Kva gjer eg no? Løysinga vart nettbasert Vg4 påbygg, der ho sat heime i Stryn og tok dei nødvendige faga for å få studiekompetanse. – Ei kjempefin løysing for meg, seier Mathilde.

Kjempefin løysing: – For meg var det ei kjempefin løysing å kunne ta Vg 4 på nett, seier Mathild Nesje Gjørven, som på denne måten skaffa seg studiekompetanse og no studerer til sosionom på Høgskulen i Volda. 

Det nettbaserte studiet er basert på at ein tek ansvar for eiga læring

Mathilde Nesje Gjørven
Nyhende

Mathilde tok sveinebrev som frisør i 2014, og har jobba som frisør sidan. Men i fjor sommar var det stopp. Ho måtte slutte i faget på grunn av allergi.