Framgang for Fannemel i Østerrike

Framgang: Anders Fannemel tek steg i hoppbakken. Søndag vart det ein flott 7. plass i Continental-Cup.  Foto: /Arkiv: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Etter 24. plass i det internasjonale comebacket i Continental Cup-rennet i Østerrike laurdag, svinga det betydeleg betre for Anders Fannemel i bakken søndag. To gode hopp gav ein delt sjuandeplass for honndølen. Han delte plassen med landsmannen og gårsdagens andremann, Fredrik Villumstad. Beste nordmann vart Benjamin Østvold på femteplass.