Har du fagbrev og ønskjer deg studiekompetanse?

Har Vg 4 som nettstudium

Har du fagbrev eller er over 25 med vaksenrett og ønskjer studiekompetanse? Det nettbaserte studiet Vg 4 påbygging i regi av Eid vidaregåande skule gjev fleksibilitet og gjer at ein kan skaffe seg studiekompetanse heimanfrå, kanskje ved sida av jobb, seier kontaktlærar Anna Kirsten Hellevang.

Vg 4 på dett: Faglærarar på vg4 nettstudium ved Eid vidaregåande skule har teke til med et nytt skuleår, her frå venstre Jan Håvar Henden, kontaktlærar Anna Kirsten Hellevang, Anita Hunvik og Birgitte Marie Barvåg. 

Det nett-baserte studiet gjev ein fleksibilitet som gjer at det til dømes er mogleg å jobbe ved sidan av

Nyhende

Dette tilbodet i Vestland fylke er det einaste nettstudiet av sitt slag i landet, og vart starta opp i fjor. No er eit nytt skuleår i gang.