Heimesiger i Skarsteinsetra Opp

Klar vinnar: Lars Martin Melheim vann Skarsteinsetra Opp med nær to minutts margin.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Lars Martin Melheim, Olden IL, tok som venta ein klar siger i Skarsteinsetra Opp laurdag. Han kom i mål på 21,34. Det var 8 sekund raskare enn persen frå i fjor. Nummer to vart Roger Lillestøl frå Hornindal IL med 23,31 og Helge Hafsås frå Olden IL vart tredjemann med 27,18.

Det var gode forhold under løpet, vindstille og opphaldsver.