Dette skreiv Fjordingen om lodalsulukka i 1936:

«Ho er enno fælslegare enn ulukka i 1905»

«Heile Bødal lagd i grus. Tre gardar i Nesdal er burte. Den materielle skade i Lodalen og Loen kjem over ein halv million». Dette stod det å lese på Fjordingen si framside i 1936.

Ulukkesstaden: «Heile Bødal lagd i grus», stod det mellom anna på Fjordingen si framside. 

Nyhende

«Den største ulukka som hev hendt i Norig i manns minne bar til i Lodalen sundagsmorgonen i halvfemtidi. Ho er enno fælslegare enn ulukka i 1905, då 61 menneskje vart drepne».