Jorunn er oppvaksen under Ramnefjell:

– Vi bygde og levde her trygt

Etter ulukka i 1936 var faren til Jorunn Sande Hjelle (77), Knut Sande, den einaste som etablerte seg permanent i Bødalen.

Flytta Tilbake: Jorunn Sande Hjelle er vaksen opp på den einaste garden som vart reist på ny rett etter den siste lodalsulukka. Ho og mannen Magne flytta tilbake til Bødal i 1990. Ramnefjell ligg rett over for huset deira, på andre sida av Lovatnet. 

Nyhende

Jorunn er fødd i 1944. Ho skildrar ein fin oppvekst i Lodalen og Bødal. Og for eit barn, meir eller mindre uvitande om det som hadde hendt berre få år tidlegare, så var det skattar ein såg i dei mange gjenstandane som dukka opp blant buskar og stein når dei leika.