Les om korleis lodalsulukka i 1936 råka og prega etterkomarane:

85 år sidan raset som la Bødal og Nesdal aude

Tidleg søndag morgon 13. september 1936 var marerittet tilbake i Lodalen, større og meir grufullt enn sist det råka i 1905. Ramnefjell hadde kosta nye menneske livet, 74 i talet.

Knust: Særleg Nesdal og Bødal vart hardt råka av raset frå Ramnefjell 13. september 1936. Totalt 74 menneske omkom i Lodalen og i Bødal var så og seie alt av hus, løer og andre bygningar knust til pinneved. Her eit foto teke kort tid etter raset der oppryddingsarbeidet så smått er i gang. I bakgrunnen Ramnefjell. 

Nyhende

– Det vi merka på far var at 13. september kvart år trekte han litt inn i seg sjølv.