Vart avvist, men tok ikkje nei for eit nei:

Fem månader fengsel for langvarig sjikane

Langvarig sjikane etter å ha blitt avvist av ei kvinne tilbake i 2012, har no resultert i at ein mann frå Nordfjord er dømd til fengsel i fem månader.

Klar dom: Ein samrøystes tingrett har dømd mannen frå Nordfjord til fengsel i fem månader etter at han systematisk over tid har utsett ei kvinne for sjikane og ulike verbale truslar.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Mannen og kvinna vart kjende med kvarandre gjennom felles arbeidsgjevar. Dei hadde ifølgje dommen først eit venskapeleg forhold. I 2012 ønskte tiltalte, ein mann som no er i slutten av 40-åra, noko meir og spurde kvinna om dei skulle date. Dette vart avslått av kvinna.