Haugen med årsbeste i tiande forsøk

Inge Asbjørn Haugen sprang i helga sitt 619. maraton.  Foto: /Arkiv: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Ny helg betyr nytt maraton. Nesten slik er det for sprekingen Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL. Og i helga sprang han inn til årsbeste med tida 4.55.25 i Magni maraton. Tida er hans beste sidan Nordvest maraton på Hareid i fjor.

Dette var elles det tiande maratonløpet i år og nummer 619 totalt. Og dei to neste helgane ventar sjølvsagt nye 42-kilometrar for Haugen, då er det Ålesund og Berlin som står for tur.