Skadd MC-førar send til sjukehus

Ein MC-førar vart sendt til sjukehus i ambulansehelikopter etter kollisjon med ein personbil på E39 i Kjøs måndag.

Ulukka vart meldt omlag 10 minutt over kl. 17.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Saka er oppdatert.

To køyretøy var involvert i ulukka, ein bil og ein MC. MC-førar er send til sjukehus med ambulansehelikopter. Politiet opplyser at pasienten har respondert bra på hjarte/lungeredning.

MC førar er sendt til sjukehus med ambulansehelikopter.   Foto: Bengt Flaten

Politiet på staden seier at skadeomfanget er ukjent, men at det framstår som ei alvorleg ulukke. Årsak til hendelsen er så langt også ukjent. Krimteknisk bistand er på veg, opplyser politiet.

Ulukka skjedde ved avkøyringa til Kjøsavegen fra E39, nokre få hundre meter retning Hornindal frå Kjøs bru. Ambulansehelikopter, ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til ulukka.

Det er tilsynelatande store skadar på begge køyretøy. Spor på staden viser at motorsykkelen har kome frå Hornindal og køyrt i retning Kjøs bru.

Det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Trafikken frå Grodås-sida vart stoppa før Kjøshammartunnelen.

Politiet i Møre og Romsdal opplyser at det er tre personar involvert i ulukka. De to som sat i personbilen vart sett til av helsepersonell på staden.

Det er no opna for passering av ulukkesstaden i det eine køyrefeltet. Følg anvisning, køyr forsiktig forbi, oppmodar Politiet i Møre og Romsdal på Twitter.