Gjennomførte sitt eige «stortingsval»:

Brakval for Raudt ved Tonning

Politiske saker og val er noko som også engasjerer elevar ved Tonning skule. Så stort var engasjementet at dei avvikla sitt eige val for dei tre eldste klassetrinna. Og Raudt vart den store valvinnaren.

Høgtideleg: Tobias og Mathea leverer sine stemmer til valmedarbeidarane Dennis og Oliver. Alle foto: Rasmus Gausemel 

Nyhende

Teamleiar ved Tonning skule, Rasmus Gausemel, fortel at elevane på 7. trinn har jobba med val og demokrati ein lenger periode, og gjennom dette arbeidet har elevane fått god oversikt over dei ulike partia. Dei har fordjupa seg og skrive om kvart sitt parti, og i den eine klassen har dei også gjennomført presentasjon og valkamp for sine parti.