Høgre frå tre til eitt mandat, Frp størst i Møre og Romsdal

Sp gjekk mest fram, Høgre mest tilbake medan Frp vart største partiet i Møre og Romsdal.

Sju av dei åtte som skal representere Møre og Romsdal på Stortinget neste periode: Frank Sve (Frp), Per Vidar Kjølmoen (Ap), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Jenny Klinge (Sp), Geir Inge Lien (Sp), Helge Orten (H) og Birgit Oline Kjerstad (SV). Sylvi Listhaug (Frp) var på partiet si valvake i Oslo, og var ikkje med på bildet frå valvaka i Ålesund.  Foto: Sunnmørsposten

Nyhende

Frp vart valvinnaren i Møre og Romsdal med 22,4 prosent oppslutning (likt som ved førre val) og to av fylkets åtte mandat på Stortinget. Ap vart nest største parti med 20,1 prosent, ein nedgang på 1,1 prosentpoeng. Med det sikra også Ap to mandat.