Klubbsamarbeid sikrar Stryn sitt 5. divisjonslag

Eit fotballsamarbeid mellom Stryn og dei mindre klubbane skal gi dei nest beste ein alternativ arena der spelelyst er i fokus.

Loen: Som ein del av opplegget med «nye» Stryn 2 vert treningar og heimekampar lagt til kunstgrasbana i Loen. Her frå helgas kamp mot Førde 2. Det enda 0-5 mot serieleiaren. 

Nyhende

Etter å ha slite med å stille folk både på treningar og i kampar, er det no inngått samarbeid mellom Stryn sitt 5. divisjonslag og Loen, Olden og Vikane. Til å leie det heile er tidlegare A-lagstrenar Geir Inge Rake.