Stor støtte til Jenny Klinge:

Over halvparten av honndølene røysta Senterpartiet

Senterpartiet gjorde eit brakval i Hornindal krins i Volda kommune. Over halvparten av honndølene som nytta seg av røysteretten, gav stemmen sin til Senterpartiet.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Senterparti, fekk oppslutning frå over halvparten av veljarane i Hornindal.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Sp fekk heile 53,5 prosent oppslutning i Hornindal, opp 6,5 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2017. I heile Volda kommune fekk Senterparetiet 23,2 prosent oppslutning.