Stryn Vinterski:

Søkjer avdragsfritak

Peikar på korona og dårleg vinter

Stryn Vinterski søkjer avdragsfritak i 6 - 8 månadar  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust (Arkivfoto)

Nyhende

Stryn Vinterski har søkt Stryn kommune om avdragsfritak for lånet i ei periode på 6-8 månader grunna koronasituasjonen og ein dårleg snøvinter. Søknaden skal opp for kommunestyret torsdag.

Stryn kommune har garantert for 50 % av lånet og i følge saksutgreiinga gir Sparebanken Sogn og Fjordane Stryn Vinteski avdragsutsetting på lånet om kommunen godkjenner søknaden.

Kommunedirektøren meiner at når Sparebanken Sogn og Fjordane gir Stryn Vinterski AS avdragsutsetting på lånet, sjølv med fare for renteauke, så ser ein det som liten riskiko for kommunen sitt lån med ei renteutsetting i 6 månader.

Kommunedirektøren tilrår kommunestyret at Stryn Vinterski AS får innvilga avdragsutsetting i 6 månader.