Sogn og Fjordane: Desse kom inn

Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Høgre fekk dei tre stortingsmandata til Sogn og Fjordane ved årets val.

Skal representere Sogn og Fjordane: Erling Sande, Senterpartiet, Torbjørn Vereide, Arbeidarpartiet og Olve Grotle, Høgre. I tillegg kjem utjamningsmandatet, i morgontimane framleis uvisst.   Foto: Fotomontasje

Nyhende

Dermed vert det to glopparar og ein sunnfjording som set kursen for hovudstaden for å representere Sogn og Fjordane valkrins dei neste fire åra: Erling Sande, Senterpartiet, Torbjørn Vereide, Arbeidarpartiet og Olve Grotle, Høgre. Det var knytt spenning til om Senterpartiet skulle ta det siste mandatet også, men Høgre tok det i innspurten, og dermed vart Sogn ståande utan representant på Stortinget då Sp sin Aleksander Øren Heen ikkje kom inn.