LEIAR:

Vel blåst valkamp med politikken i fokus

Frå den siste partileiardebatten før valet.  Foto: Skjermdump frå NRK.

Vi skal vere stolte over eit politisk debattnivå i Norge som ligg i ein heilt annan divisjon enn i USA

Nyhende

Nokre har kanskje sakna dei store, regionale sakene, i alle fall dei som høyrer til i Sogn og Fjordane valkrins. Like fullt, valkampen sett under eitt har vore god, og ikkje minst sakleg. Partia som har argumentert og kjempa for flest mogleg røyster skal alle ha den honnør at dei har drive ein reinhårig valkamp. Dei har stort sett klart å halde fokus på politikk og halde seg unna karakteristikkar av meiningsmotstandar. Det kan dei sjølv vere stolte av, og vi kan som nasjon vere stolte av at det går an å gjennomføre valkamp utan veldig mange stygge taklingar.