Fekk ikkje køyre vidare før feila var retta opp

Dette utslite dekket måtte skiftast før sjåføren fekk køyre vidare.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll på rv 15 ved Folven tysdag.

Ein sjåfør fekk gebyr for manglande vognkort og gebyr for eitt utslite dekk. Bilen hadde og ein diesellekkasje. Dekket og diesellekkasjen måtte reparerast på staden før vidare køyring, opplyser Statens vegvesen.

Eit anna køyretøy hadde sprekk i frontruta.

Seks tungbilar vart kontrollerte.