Kollisjonen i Kjøs måndag ettermiddag:

MC-førar kritisk skadd

Føraren av ein motorsykkel ligg kritisk skadd ved Haukeland Universitetssjukehus etter kollisjonen med ein personbil i Kjøs i Hornindal måndag ettermiddag.

Bil og MC: Kollisjonen skjedde då ein bil som kom frå Kjøsavegen skulle krysse over E39.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ulukka vart meld kl 17.09 og kort tid etter var eit stort redningsmannskap frå ambulanse, brann, ambulansehelikopter og politi på plass.