Nye smittetilfelle i Volda

Ein av dei smitta var på vaksinering i Volda 9. september.

Illustrasjonsfoto Koronavaksinering i Volda  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Volda kommune fekk i onsdag og torsdag melding om tre nye smittetilfelle av covid-19.

Alle dei tre er nærkontakter med tidlegare kjend smittetilfelle, og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Men ein av dei smitta har vore på vaksinering i Volda torsdag 09. september, opplyser kommunen.

Kommunen minner om at dei som har feber, hovudpine eller sjukdomskjensle som varer over 48 timar etter at ein har tatt vaksine, bør ta ein koronatest. Om ein får sår hals, hoste, tungpust eller andre symptom som ikkje er på lista over vanlege symptom etter koronavaksine, bør ein også ta ein koronatest.