Får dispensasjon i Tonningsbakkane:

Trassa klagar frå både naboar og Statsforvaltar

Tonningsbakkane: Stryn formannskap gav Arild Øvreberg dispensasjon til å byggje tomannsbustad i Tonningsbakkane. Klager frå både naboar og Statsforvaltar førte ikkje fram.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Grønt lys for dispensasjon til oppføring av tomannsbustad på gbnr. 57/101 i Tonningsbakkane førte til ei rekkje klager, både frå naboar og Statsforvaltar. Naboar meiner m.a. at det blir lite føreseieleg for bebuarar i området om det skal vere greitt at alle byggjegrenser kan brytast og utnyttingsgraden kan meir enn doblast.