Valdirektoratet til Fjordingen: - Teljing pågår, endeleg valresultat er ikkje klart

Stortingsvalet er ikkje over. Det er framleis uvisse knytt til enkelte kandidatur, også i Sogn og Fjordane. Mellom anna vert det no talt seint innkomne førehandsstemmer, som hittil ikkje har vore ein del av valresultatet, fortel Kristina Brekke Jørgensen i Valgdirektoratet.

- Teljing pågår framleis. Mellom anna av seint innkomne førehandsstemmer, som hittil ikkje har talt med i valresultatet, seier Kristina Brekke Jørgensen, kommunikasjonssjef i Valdirektoratet.   Foto: Valdirektoratet

Nyhende

I går såg det ut til at Sogn og Fjordane-benken i Stortinget komande periode vil bestå av Erling Sande, Sp, Torbjørn Vereide, Ap, Olve Grotle, H og Alfred Bjørlo, V, sistnemnde inne via utjamningsmandat. Men heilt sikkert er det ikkje.