Samarbeid med Hornindal skule gir god rekruttering:

11 aspirantar klare for korpset

Korps i skulen er ein suksess i Hornindal. Både for elevane, korpset som får god rekruttering og bygda som får nyte godt av korpsmusikk både i konsertar og på 17. mai.

Unge korpsaspirantar i Hornindal: Bak f.v. instruktør Marie Bortheim, Mateo Barreiro, Kristian Lillestøl, Jayden Kobberstad, Mathilde Kobberstad, Emma Grothaug og Susanne Årvik. Framme frå venstre: Sigve Hjellbakk, Aslak Brendefur, Simon Haugen og Oskar Tomasgard.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Mange stader i landet slit korpsa med rekruttering. I Hornindal er ikkje det situasjonen. Hornindal Musikkorps er eit generasjonskorps med musikantar frå 12 til 70 år, men utan nokon maksgrense på alder.