Fleire forfattarar kjem på haustbesøk

Trude Teige og Bjørn F. Rørvik er blant fleire kjende forfattarar som set kursen for Stryn bibliotek utover hausten.

På turné med Folkeakademiet: Forfattar og tidlegare TV2- programleiar Trude Teige besøkjer Stryn bibliotek laurdag 18. september og Smia i Hornindal søndag 19. september. Turnéen er i regi Folkeakademiet i Sogn og Fjordane.   Foto: Presse

Nyhende

– Vi er veldig godt fornøgde med dei arrangementa vi har planlagt til no i haust, og meiner det er høg kvalitet over alt saman. Så vi håpar publikum er klare for å besøke oss att! Vi trur og det blir fleire programpostar utover hausten, seier biblioteksjef Kristin Hatledal.