Gamle skattar og kyrkjehistorie

Sist søndag inviterte Nedstryn sokneråd, Rotary Stryn og Stryn Historielag til Kveldssete i Nedstryn kyrkje. Bakgrunnen var ei felles interesse for historia og gamle skattar i kyrkja, fleire av desse har vore tekne fram og pussa opp siste året.

Kveldssete i Nedstryn kyrkje: Dei mange som møtte opp fekk vite meir om historia og gamle skattar i kyrkja siste søndag.  Foto: Margaret V. Flo

Nyhende

Nedstryn sokneråd hadde og eit ønske om å takke Rotary Stryn for den dugnadsinnsatsen dei legg ned for kyrkja kvart år. Vi er svært takksame for dette, skriv soknerådet.