Mesta:

Har montert 4,6 km med autovern i Stryn

Snart ferdig med montering av autovern i Stryn.

Nytt autovern Montering av autovern, her i Markane, har ført til kortvarige stans i trafikken den siste tida. Arbeidet skal vere ferdig neste veke, opplyser Mesta.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Den siste tida har Mesta montert autovern langs rv 15 mellom Markane og Stryn som har ført til noko ventetid for bilistar. Mesta opplyser til Fjordingen at det er montert ca. 4,6 kilometer med autovern på denne strekninga og arbeidet der går no mot slutten.