LEIAR:

No startar kvardagen

Jonas Gahr Støre, leiar av Ap og påtroppande statsminister.  Foto: Arbeiderpartiet

Støre si utfordring er at valresultatet sett under eitt speglar folket sitt ønske om skifte, men ikkje på eintydig vis

Nyhende

Valet er over. Erna Solberg har gratulert Jonas Gahr Støre med valsigeren og peika på han som ny statsminister for Norge. Støre har takka Solberg for stødig og god leiing av landet dei åra ho har vore regjeringssjef. Slik skal eit regjeringsskifte vere. Med kamp til døra, men der makt-overføringa skjer på fredeleg og saumlaust vis.