– Håpar å få møte og tale Sogn og Fjordane si sak

Sven Flo (H) går mot ein ny periode som 1. vara til Stortinget, om det ikkje skjer endringar i valresultatet i innspurten. Flo har vore vara også inneveande periode, men har så langt ikkje vore innkalla.

Håpar: Sven Flo (H) håpar å få høve til å møte på Stortinget. - Eg har eit stort ønskje om å gjere ein skikkeleg innsats, legge all mi kraft i å gjere ein best mogeleg jobb for Sogn og Fjordane på Stortinget, seier Flo.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi har hatt ein stortingsrepresentant som har vore til stades 100 prosent. Eg har vore der på opplæring, og no håpar eg veldig på å få møte fleire gongar dei neste fire åra. Med atterhald om at valresultatet blir ståande, seier Flo.