Nesten 300 born deltok på sommarles-kampanje

295 barn i Stryn kommune deltok på lesekampanjen Sommarles denne sommaren. Dei las totalt 5549 bøker fordelt på 610.628 sider.

Sommarles: Ruth Maria Tøfte Heimlid (t.v.) og biblioteksjef Kristin Hatledal.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Vi er veldig stolte over alle som deltok, og håpar dei har hatt mange gode leseopplevingar som dei kan ta med seg vidare utover i bokhausten, fortel biblioteksjef Kristin Hatledal ved Stryn bibliotek.