Ber om framleis låg arbeidsgjevaravgift for Hornindal

I eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) argumenterer Volda kommune for å behalde dagens satsar for arbeidsgjevaravgift. Samstundes ønskjer ein at samanslegne kommunar kan ha intern differensiering.

Volda-ordførar Sølvi Dimmen : – Differensiert arbeidsgivaravgift bidreg til å hindre eller redusere befolkningsnedgangen i distrikta. Det betyr at ordninga verkar etter hensikta, seier Sølvi Dimmen. Det er føreslege nye retningslinjer for perioden 2022–2028. 

Nyhende

Volda kommune var fram til 01.01.2000 plassert i sone 2 med 10,6 prosent arbeidsgjvaravgift. Med krav frå ESA om revurdering av Differensiert arbeidsgjevaravgift vart Volda kommune ei av 14 kommunar i landet og saman med Ørsta kommune dei einaste kommunane i Møre og Romsdal som vart flytta over til sone 1 med avgiftssats på 14,1 prosent.