Ingen ordensforstyrringar

Politiet melder om ei roleg helg, trass i at det var mykje folk samla i Stryn, der fleire utestader har hatt mindre utgåver av Oktoberfest.

ILLUSTRASJONSFOTO  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det har vore éin telefon med klage på høg musikk frå teltet i sentrum. Men ingen ordensforstyrringar, opplyser politiet.

– Det var mykje folk i gatene både fredag og laurdag. Mange utanom dei som var på oktoberfest, både folk frå Stryn og tilreisande frå ytre Nordfjord og søre Sunnmøre. Det var mykje råning, så vi gav ein del munnlege pålegg om å skru ned musikk og dempe støyen. Det vart følgt av dei som fekk beskjed om det, seier politioverbetjent Vidar Stavik frå Politiet i Stryn.