Slo til med NM-bronse

Det vart to på pallen for landslinja ved Stryn vidaregåande skule første dag av NM i rulleskiskyting.

NM-bronse: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL/Stryn vgs og Linnea Melheim Espe, Stårheim IL/Stryn vgs slo begge til med medalje på NM-sprinten.  Foto: Landslina Stryn vgs

Nyhende

På ein dag der ingen av eliteløparane frå Nordfjord sette sin fot på pallen, var det ein 19-åring og ein 18-åring som skulle sikre medaljene.