Tankevekkjande landbrukspolitisk teater frå Teater Vestland

I samband med at Bondelaget er 125 år i 2021, har Teater Vestland teke på seg ei stor oppgåve. Stykket «Bondetinget» er eit maratonløp for den røynde skodespelaren Kyrre Eikås, som står heilt aleine på scena i to timar, rett nok med ei særdeles hyggeleg kaffipause midt mellom to akter.

Historiske møte: Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet, Hitraopprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar – på dialekt – deriblant Jan E. Mellbye og Einar Gerhardsen. Foto: Teater Vestland 

Eikås skiftar elegant mellom ulike dialektar og går inn i rollene som politikarar og bondelagsmedlemmar

Nyhende

Eikås sit ganske avslappa ved eit bord. Vi høyrer musikk, og stemmer som tydeleg illuderer ein diskusjon. Og så er vi etter kvart inne i det dramaet som har utspela seg innan landbrukspolitikk og organisasjonsarbeid frå 1920-talet og fram til i dag. Stykket er meint å skulle vere ein dokumentar; eit sanningsprov på den kampen som har føregått for å oppretthalde det unike mangfaldet innan norsk jordbruk. Ein rikdom av små, mellomstore og store gardar, i eit kulturlandskap som buktar seg med grøne bøar, fine enger og gule åkrar. Nokre stader ligg gardane under fjell, ved fjord og ved havet; andre stader ligg dei ved innsjøar og elvar og på flate, store område. Alle desse gardane har vore heimane til familiar, men dei har også vore knytt til vår felles kulturarv og matauk.