Vart stengd på grunn av høgt C02-nivå - er opna igjen

Det elektroniske varslingssystemet i Grasdalstunnelen melde i ettermiddag om høgt CO₂-nivå, og tunnelen vart difor inntil vidare stengd.

Grasdalstunnelen på Rv 15 Strynefjellet. Illustrasjonsfoto.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Rv 15 Grasdaltunnelen er stengd på grunn av høgt CO₂-nivå. Brannvesenet på veg, melde Vegtrafikksentralen Vest i 12-tida søndag.

Det er automatiske målingar i tunnelen som har registrert høgt CO₂-nivå.

Køar: Det danna seg lange køar då Grasdalstunnelen var stengd på grunn av høgt CO2-nivå.   Foto: Thomas Thaule

– Det var i utgangspunktet ikkje meldt om nokon brann, men vi er uansett nøydde til å halde stengt til brannvesenet har vore gjennom tunnelen og sjekka, seier Brynjar Robertson ved Vegtrafikksentralen Vest til Fjordingen.

Rundt 12.30 mede Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna for trafikk igjen.