Vassendgutane – fest og moro i 25 år

– Det er så moro å spele i Vassendgutane at vi burde fått juling to gonger for dag, seier Rune Brautaset, ein av dei fire som var med på å starte Vassendgutane i 1996, og som framleis er med.

Dei to låtskrivarane i Vassendgutane, Sindre Aam (t.v.) og Arthur Johan Bjørdal for nokre år sidan.   Foto: Privat

Nyhende

Det populære festcountry-bandet kan markere 25-årsjubileet i desse dagar, og den humørfylte gjengen har ingen planar om å gi seg. Dei er spelesugne og meir enn klare for ein travel konserthaust etter halvtanna år med nedstenging.