Frå forfall til framtidstru:

Gamle ullvarefabrikken får eigen generalplan

Vestland fylkeskommune ser på ein generalplan for istandsetjing og også for bruk, av den gamle ullvarefabrikken i Innvik.

Gamlefabrikken: Vi ser frå v. styreleiar i stiftinga, Per Ove Reme, Ole Vegard Skauge og Peter Forrás som er seniorrådgjevarar for seksjon kulturarv i Vestland Fylkeskommune og styremedlem Jostein By. 

Gamle Innvik Ullvarefabrikk
  • Første bygningen til Indvikens Uldspinderi stod ferdig i 1890.
  • Fabrikkbygningen skal vere den største fabrikkbygningen av tre i Norden og mellom dei største i Europa.
  • Då Gamle Innvik Ullvarefabrikk vart ståande tom stod han lenge utan vedlikehald før nokon tok initiativet til restaurering.
  • I 1990 sende Vikaneprosjektet ein førespurnad om å ta opp forhandlingar med ullvarefabrikken om overtaking av den gamle fabrikkbygningen.
  • I 1993 tok stiftinga «Gamle Innvik Ullvare-fabrikk» over bygningen.
  • Sidan 1991 har det vore drive restaureringsarbeid. Mange av dei gamle maskinene er også intakte.
  • Huset er no i bruk til ei rekkje aktivitetar, utstillingar, selskapslokale og konsertar/teater.
Nyhende

– Vi er godt nøgde med vitjinga og det vi såg av den gamle industribygningen, seier seniorrådgjevar Peter Forrás i seksjon for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Teknisk interessant kulturminne

Fylkeskommunen har ansvar for ei rekke kulturminne, og fabrikken i Innvik står på lista over teknisk interessante kulturminne.

Torsdag vitja Forrás Innvik saman med seniorrådgjevar Ole Vegard Skauge, både for å starte arbeidet med ein tilstandsrapport, og for samtalar med folk frå stiftinga.

Typiske for si tid i industrihistoria

Ullvarefabrikken, som er den største industri-trebygningen i landet, er ikkje den einaste som er verna for ettertida.

Det spesielle i Innvik er at det er gjort berre små endringar etter katastrofeflaumen, som mellom anna tok kraftstasjonen i 1920.

Andre har gjennomført omfattande endringar.

– Bygningane er typiske for si tid i industrihistoria, og det er absolutt potensiale til vidare utvikling, meiner representantane frå fylkeskommunen.

Viktig historie: Gamle Innvik Ullvarefabrikk er viktig industrihistorie.  Foto: Inge Fænn

Registrering og dokumentasjon

Torsdag var det både registrering og dokumentasjon på kva som er gjort, og kva som bør gjerast vidare.

Det er mellom anna ein del rotskadar som må utbetrast. Mellom anna må bygningane i teglstein sikrast.

– Det er viktig at vi no får ein betre dokumentasjon og også betre oversyn over kva som må gjerast i åra framover gjennom ein plan for istandsetjing av anlegget. Det krev målretta arbeid over fleire år, og det er viktig at ting vert gjort i rett rekkefylgje, seier Forrás.

Glede i stiftinga

Leiinga for stiftinga er godt nøgde med at Vestland fylkeskommune har teke dei inn i varmen, og at dei litt spissformulert har fått beina inn i to pengebingar.

Imponerande: Dei to frå Vestland fylkeskommune var nøgde med det dei fekk sjå.  Foto: Inge Fænn

– 50.000 til strakstiltak vil i første omgang seie telt over tørkehuset i teglstein. Potten på 241.000 er midlar mellom anna til ting som er gjort. Vidare bruk vil vi kome tilbake til etter kvart som generalplanen ligg føre, seier Per Ove Reme, som er leiar for stiftinga.

Frå hand til munn så langt

– Så langt har vi levd mykje frå hand til munn, men no kan vi etter kvart også sjå på korleis vi kan skaffe eigne inntekter, seier styreleiaren.

Ein av ideane er at det bli eit tilbod til cruisetrafikken når den er tilbake for fullt.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk, fakta

  • Første bygningen til Indvikens Uldspinderi stod ferdig i 1890.
  • Fabrikkbygningen skal vere den største fabrikkbygningen av tre i Norden og mellom dei største i Europa.
  • Då Gamle Innvik Ullvarefabrikk vart ståande tom stod han lenge utan vedlikehald før nokon tok initiativet til restaurering.
  • I 1990 sende Vikaneprosjektet ein førespurnad til kommunen om å ta opp forhandlingar med ullvarefabrikken om overtaking av den gamle fabrikkbygningen.
  • I 1993 tok stiftinga «Gamle Innvik Ullvare-fabrikk» over bygningen.
  • Sidan 1991 har det vore drive restaureringsarbeid. Mange av dei gamle maskinene er også intakte.
  • Huset er no i bruk til ei rekkje aktivitetar, utstillingar, selskapslokale og konsertar/teater/musikal.

Kjelde: Fylkesarkivet, kulturhistorisk leksikon