I toppen på heimebane

Det var samarbeid på høgt nivå mellom hund og førar under norgesserieprøva i bruk av gjetarhund på Kyrkjeeide i helga. Lokale deltakarar plasserte seg også heilt i toppen på heimebane.

Topp seks: Dei seks beste i norgesserieprøva i Stryn søndag, frå v. : Ivar Haug/Slip, Torkjel Solbakken/Ziva (han tok også sjetteplassen med Slip), Ailen Skogeng/Bow, Mail Tungen/Noah og Halvor Tenden/Ztripz. Foto: Nordfjord Gjetarhundlag  Foto: Nordfjord Gjetarhundlag

Nyhende

Det vart travle dagar for arrangørane frå Nordfjord Gjetarhundlag som også skulle konkurrere under prøva. Likevel vart det fleire plasseringar heilt i toppen. Ailen Skogeng med hunden Bow vart beste lokale deltakar med 3.-plass under norgesserieprøva søndag med 96 poeng. Halvor Tenden følgde hakk i hæl med 5.-plass og 95 poeng med Ztripz og 7.-plass og 94 poeng med Trixie.