Opptur for Loen Skylift trass korona

Loen Skylift opplevde inntektsvekst i fjor, trass i pandemi og driftsstans.

Noko å lære: Loen skylift har blitt ein stor turistattraksjon.  Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Nyhende

Loen Skylift hadde driftsstans mellom 19. august og 25. september i fjor. I tillegg var det full stopp i mars-april og november-desember på grunn av koronarestriksjonar. Likevel auka selskapet bak satsinga både inntektene og resultat før skatt samanlikna med året før, skriv avisa Nett.no og viser til årsmeldinga.