Statens vegvesen sine kontrollørar var ikkje arbeidsledige i helga

Statens vegvesen har hatt fleire kontrollar i løpet av dei siste dagane.

Ikkje godkjent nasjonsmerke på skilt gav gebyr på 3.000 kroner.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Fredag var det tungbilkontroll ved Kjøs bru. Der vart det skrive ut to mangellappar på tekniske manglar. Ein på sprekk i frontrute og ein for endring av utløysararm på svingskive. Ein sjåfør måtte rydde i siktsona før vidare køyring, og to sjåførar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket.