Endringar i Innvik Kraftverk AS sitt styre:

Varaplass delte kommunestyret i to

Ordføraren si ekstrastemme måtte til for å avgjere kven som skal bli vara for kommunen sitt faste styremedlem i kraftverket.

Gjenstand for diskusjon: Kven som skal vere vara for Stryn kommune sin faste styrerepresentant i Innvik Kraftverk AS, delte kommunestyret i to torsdag. Valnemnda med Jan Træen (Ap) tilrådde ordførar som fast styremedlem og varaordførar som vara. Berre halve kommunestyret var samde i det.   Foto: Arkivfoto: Harald Vartdal

Nyhende

Torsdag var det ekstraordinær generalforsamling i Innvik Kraftverk AS der val av nytt styre var på sakslista. Tussa Kraft AS har kome med framlegg om at konserndirektør og økonomidirektør i Tussa Kraft AS trer inn i styret i Innvik Kraftverk AS.