Einar Fannemel ny kommunikasjonssjef i IKT-Norge

Einar Fannemel frå Hornindal blir ny kommunikasjonssjef i IKT-Norge, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Frå oljebransjen til IKT-Norge: Einar Fannemel går frå Lundin Energy Norge til kommunikasjonssjef for interesseorganisasjonen IKT-Norge.   Foto: Privat

Nyhende

– Det er korleis vi evner å ta i bruk og legge til rette for ny teknologi som avgjer om vi løyser dei store utfordringane samfunnet står overfor, seier Fannemel i pressemeldinga i eit nyhendebrev frå IKT-Norge.