Tilbake til kvenske røter

Arve Henriksen går tilbake til sine kvenske røter i utgjevinga "Merimies muistelee".

Røter: Arve Henriksen kjem ofte tilbake til røtene sine. Denne gongen har han gått tilbake til den kvenske arven.  Foto: Frank Schemmann

Nyhende

Sommaren 2016 la musikar Arve Henriksen frå Stryn inn eit besøk på Halti kvenkultursenter på Storslett, der han har røtene på farssida. Her fann han diktsamlinga «Merimies muistelee» (ein sjømann minnest) av Alf Nilsen-Børsskog i lydbokformat.