Hotel Alexandra lyser ut stillingar for personar med utviklingshemming:

– Flott å kunne gi alle ein sjanse i arbeidslivet

I samarbeid med stiftinga «Helt med» tilbyr Hotel Alexandra no tre stillingar for personar med utviklingshemming. – Det er flott å kunne gi alle ein sjanse til å kome ut i arbeidslivet, seier hotellsjef Ingri Grov Kämpf.

Heilt med: Hotel Alexandra er del av ordninga «Helt med», der personar med utviklingshemming får høve til å søkje på ordinære jobbar. I første omgang lyser hotellet ut tre stillingar denne hausten. Personalsjef Fride Fjellheim Sande (t.v.) og hotellsjef Ingri Grov Kämpf har stor tru på satsinga. Frida Haavik (t.h.) er jobbkonsulent i InVia og skal følgje opp tilsetjingane. 

Nyhende

Også personalsjef ved hotellet, Fride Fjellheim Sande, er begeistra over dei nye stillingane dei har fått på plass og som dei lyser ut denne veka.